Etiketter

Powered By Blogger

søndag 15. februar 2015

Det fins en dikter

Gjennom Dagbladets diktkammer har jeg blitt kjent med diktene til Øyvind Rangøy. For eksempel hans Båreandakt:


Du ligg i kista
som rosa på sjarktaket


Eg tek på meg orda til Johnny Cash
og Olav H Hauge


som eit par store sjøstøvlar


Han kommer fra Rangøya i Averøy kommune, er født i 1979, er en av gjendikterne i den kritikerroste samlingen Verden finnes ikke på kartet utgitt av Forlaget Oktober i 2011, har vært månedens dikter på diktkammeret og med i flere av månedsfinalene, har lest egne dikt på Ibsenfestivalen, på NRK radio og også arrangert poesikonsert på øya si. Hør og se hans nydelige arbeid på de to linkene nedenfor! Øyvind Rangøy er min personlige favoritt blant norske diktere. Boende ved havet har han opplevd mang en storm: 

Smaken av svaberg,
holer av rotnande tang.
Her er død, her er hav,
her er angen av villskap i kav
og katarsis






Diktene hans har ofte i seg en eksistensiell undring knyttet til filosofiske eller religiøse problemstillinger.

Men
Men kva med alle vegane?
Må alle ha ein ende?


Må alle bål slokne, bli svarte
i regn som eit minne om kaffi?


Og til slutt,
kven var det som spurde?

 

Gåtene
Og desse var gåtene dine, menneske,
at når alt var vunne, var det meste tapt,
men når alt var eitt, var det alt annleis;

om synet av blinde val gjer blind
eller sjåande, om røyken frå boretårn
eller varmen av bankande hjarte

held himmelkvelven oppe, om vi
er ein bit av eplet vi beit, om gneisten
er sterkare enn rommet han skin i,

om vi ein dag vil finne oss funne,
ikkje som sand i olje mellom stempel,
men som ei klinkekule i maskineriet

 


Å lese Øyvind Rangøy er å kjenne en inderlighet som er sjelden og en fortellerglede som kan bergta. Du risikerer altså å bli truffet så du kjenner det. Tre utdrag:

 
Vi lyg til kvarandre med
varme hender om å
vende heim


Eit utbrent hjarte
hamrar mot eit bryst
med berre nevane



Forbannar mine eigne
tankekjerubar

det valne grepet
i vatnet som dreg

 

Innimellom får vi også møte dikteren som rimsmed, av og til i tekster om  samliv og savn:


Vise

I bringa held vi kvar vår synsrand.
Regnet snatrar, fuglar døyr.
Eg let det strøyme, saknar einkvan.
Ser du himmel? Ser du? Høyr!

Du ser på meg i strie straumar.
Du tenkjer ditt. Eg teier mitt.
Kven ligg der inst i dine draumar?
Kva lyser ytst i skinnet ditt?

Åleine held vi hender saman.
Åleine er eg her, og du.
Og dagen er ein farleg framand.
Vi ligg og flyt i kvar vår tru.

Og glørne i det svarte pustar:
du ein eld, eg i eit tre.
Vi veit at ekte sorger rustar.
Du ventar no. Eg kjem snart ned.

 

Noen ganger går han i clinch med det presset mange av oss har følt på, når dagene er en kamp for å klare seg. Vi er ikkje overtydde, skriver han et sted, Du lever ikkje i samsvar. Før denne slutten: No ser vi på føter å setje ned, og minner om di plikt til å bli knust. Sterk er også denne bønnen:


Middagsbøn

Kjære far! I meg er mange patronar. For ein skal eg falle

for ein skal eg døy. For ein har eg aldri levd.

Du gav meg eit kjøt og ein kikkert -- eg ligg i ein pøl.

Eg er ei kjensle, og sola står høgt.

For nedst i pytten er strålane mange og lyset er grønt.

Og barndomar kvervlar som lauv.

Kjære far! I meg er mange baronar. For ein skal eg slite

for ein skal eg blø. For ein skal eg aldri krype.

Du gav meg ei øy og ein loge -- eg ligg i eit bål.

Eg ligg og ulmar, og stjernene sviv. Amen!

 


Og noen ganger, kanskje når poeten selv, eller den alminnelige mannen fra den lille øya, går på trynet og blir liggende; det er da det er nødvendig å minne seg selv om hva man er laget av, for å klare seg:


Peptalk

Spreng deg ut då mann! Du er dynamitt,
og luktar lauv. Du er spegelblank

som ein sølvpussa mynt i statskassa,
med tvil som kjem alle til gode.

Spreng hol på tronge univers, le
som nymåla born i flaggtonar,

og gløym aldri det useielege
som ligg som ei tindring på hjartet



Eg har tatt ut ei stor bunke utskrifter av diktene hans, og de gir meg et luksusproblem, for det er så mye godt.


Mekanisme

I vekslinga mellom søvn og fritt fall
reiser noko seg.

Som ein eldgammal mekanisme
driven av flo og fjøre

går somme piler andre vegen,
somme viljar andre mila

og somme løfte held



Klart du er redd
Klart du er redd, når du let
fugleungar fare, møte jarnvinden, kulda


og natteklungeren. Klart du er redd
når vengjeslaga blir konkyliesus,


når noko flyg, og du sit att



You.Tube & Soundcloud




Fjorden

Det skjedde i dei morgonar

sola stod sporadisk opp og drakk dogg

av ei blikkspann at brenneslene ved eldhuset

var svimørkt ankelgrøne og draumblått frå fjorden

søkte ly for svartfjellet i dei mjuke nasegrottene

Og i skoggøymda stod solspragla storfeandlet

svalbundne i den heilage hasselskuggen, skvatt

for Zetoren og sa: Snart når sola sitt høgste.

I grasfylda la støvet seg som kropp av hugs


 


 

 


Ingen kommentarer: